Området skal verte regulert til næringsområde, og det er difor ikkje opna for detaljhandel. Gjelsvik meiner at næringsområdet heilt klart ligg sentralt, med berre 1,5 kilometer til kjøpesenteret Spinneriet. Han viser til ei tomt som er regulert til bensinstasjon, og meiner det vil vere naturleg å også kunne etablere daglegvarehandel på tomta.