Landsprøvene er ein del av norgesserien, og under landsprøve på Øy i helga kunne deltakarane frå Møre og Romsdal kvalifisere seg til NM. Denne helga var rundt 150 hundar i aksjon på tre forskjellige landsprøver, og totalt er det 35 som går vidare til NM som vert arrangert på Voss om to veker. Laurdag hadde deltakarane godt vêr, medan det var litt meir surt søndag. I denne konkurranseforma skal føraren og hunden samarbeide om å føre ein flokk på fem sauer to rundar gjennom bana. Sauene skal gjennom ulike portar, og gjennom ei kve. I tillegg skal førar og hund skilje første ut to sauer, før det på neste runde er ein sau som skal skiljast frå flokken sin. Etter dette er gjort skal sauene førast i mål.

– Eit godt arrangement

Ein av dei som var i aksjon i Follestaddalen var dobbelt regjerande europameister, Jo Agnar Hansen, med hunden Tika.

– Eg er nøgd med prestasjonen denne helga. Det er høgt nivå og det er ein god konkurranse. Det er ikkje ei sjølvfølgje å kome hit og vinne, og du kan aldri vere trygg. Det er også lett å gjere feil, og då vert du straffa, seier Hansen.

Den erfarne hundeføraren var godt nøgd med arrangementet.

– Det har vore eit godt arrangement, og det var veldig nyttig for arrangøren å få flytte norgesserien hit, seier Hansen.

Dei 55 hundane som var i aksjon på Øy i helga fekk også prøve seg på området som skal vere tilhaldsstad for neste års NM.