Steinnes er aktiv i Ørsta småbåtlag, og er oppgitt over at fleire gatelys ved sida av den nye brua mellom Mørebil og Amfi ikkje fungerer.

Etter at brua og Hamneparken vart opna for tre år sidan, har tre lyktestolpar, to smålys nord for Hamneparken og ei rekkje med smålys frå brua og bort mot småbåthamna vore mørklagde i lange periodar.

– Det var lys i dei ei stund, men no har det vore mørkt i fleire år, seier Steinnes. Han synest heller ikkje det ser særleg trygt ut at ein tjukk, grøn straumkabel ligg oppe i dagen og er festa i lyktestolpane med teip og svarte plastsekker.

Kabelbrot er årsaka

Hos Ørsta kommune får Møre-Nytt opplyst at kommunen er ansvarleg for lysa, men at det er Tussa som styrer med den tekniske drifta og vedlikehaldet av lyspunkta.

Fagansvarleg for lysanlegg hos Tussa, Arve Folkestad, seier dei vil få ei ordning på problemet snart.

– Det skal ikkje vere slik. Kabelen skal i utgangspunktet ikkje ligge synleg. Årsaka til at han gjer det, er at det har vore eit kabelbrot. Då vart det lagt opp litt provisorisk. Vi har ikkje greidd å lokalisere feilen, for det viser seg å vere snakk om fleire brot, seier Folkestad.

– Vi har eit mål om å få finne feilen og reparere heile greia snarleg. Dette har vore på trappene lenge, og vi har ikkje gitt opp.

Skal ordne det i år

Han fortel vidare at lysrekkja frå brua og bort mot småbåthamna er tilknytt same straumkabelen som dei mørklagde lyktestolpane, og at det er årsaka til at det ikkje er lys i småstolpane heller.

– Vert dette ordna i år?

– Ja, det er heilt klart målet, seier Folkestad