Redningsmannskap på Hovden stod klar på rullebana etter det vart meldt om eit ambulansefly med fire personar i fekk vanskar og sende ut eit mayday-signal ei tid etter det hadde teke av frå Hovden.

Lufthamnsjef Kjetil Årøen på Ørsta/Volda lufthamn, Hovden stadfestar at dei ein periode var i beredskap grunna muleg naudlanding på flyplassen. Ifølgje smp.no gjekk flyet til Vigra, der det landa utan problem klokka 15.15. Dermed kunne ein puste letta ut på både Hovden og Vigra.

Flyet er til vanleg stasjonert på Vigra og tilhøyrer Lufttransport AS, seier lufthamnsjef Tor Hånde til smp.no.