Då har retten teke omsyn til at utgifter til utbygging av teknisk anlegg vil kome i tillegg.

Bakgrunnen for skjønet er at Volda kommune har trong for areal til utviding av Leirshaugen gravplass. I tillegg er det trong for meir kommunalt næringsareal.

Innløysing

Volda kommune har inngått avtale om innløysing av areal med fire saksøkte, Astri Eidseth Rygh, Cesilie Dahle Torbjørnson, Lars Barstad og Ragnar Aarflot. Totalt utgjer eigedomane nær 31 dekar.

Avtalane er framforhandla mellom grunneigarane og kommunen, og vart godkjende i Volda kommunestyre i august i fjor.

Partane er samde om at grunnerstatninga skal fastsetjast av Søre Sunnmøre tingrett som frivillig skjøn etter skjønslova. Og kravsmål om jordskifte gjeld altså fastsetjing av erstatning i samband med innløysing av dei faste eigedomane til Rygh, Dahle Torbjørnson, Barstad og Aarflot.

Vederlagslova

Når det gjeld retten si vurdering i høve fastsetjing av råtomteprisen tek retten tek utgangspunkt i vederlagslova § 5 og legg til grunn at det er omsetningsverdien som skal vere utgangspunktet for verdsetjinga.

Retten legg til grunn at eigedomane har god bonitet som det er relativt enkelt å byggje ut. Vidare er det lagt vekt på at tomtene er sentrumsnære og at det er gangavstand til Volda sentrum. Begge desse momenta er med på å trekkje prisen opp.

Vidare er det gode kommunikasjonar i nærleiken av eigedommane, med nye E39 svært nær. Dette er også positivt for eit næringsareal, meiner retten.

Lett å selje

Det er også retten si oppfatning at eigedommane vil vere lett omsetjelege. Det kom blant anna fram under hovudforhandlinga at det er mangel på næringsareal i Volda kommune, samstundes som det er etterspurnad etter slikt areal i kommunen.

Det følgjer av vederlagslova at retten skal leggje vekt på dei prisane som er oppnådd ved omsetnad av andre eigedommar det kan vere naturleg å samanlikne med. Både saksøkar og dei saksøkte har lagt fram fleire prisdøme. Fleire av prisdøma gjeld bustadeigedommar, både til utbygging av einebustad og fleirmannsbustadar, og retten finn desse lite relevante for denne saka og legg derfor ikkje vekt på desse.

Under hovudforhandlinga var det frå saksøkjar si side, fokus på prisdøme. Dette gjeld m.a. ei tomt til bustadformål, der prisen likevel er vesentleg lågare enn det som er vanleg for tomter til bustadformål i Volda. Prisen var 143 per kvm og tomta måtte utbyggjast med teknisk anlegg, slik at dette ville kome i tillegg til prisen. Denne tomta ligg lenger unna sentrum enn tomtene som vart vurdert i dette skjønnet. Vidare ligg tomta i bratt terreng og kostnadene med å utrygge vil såleis vere vesentleg høgare enn for dei tomtene som skal vurderast i dette skjønnet. Retten ser såleis på dette dømet som mindre relevant.

Furene

Retten finn at det er meir relevant å sjå på tomteprisar i Furene, sjølv om dette er mindre sentrumsnært enn dei aktuelle tomtene i denne saka.

– Tomtene i Furene ligg nært E 39 frå Volda mot Ørsta og har god bonitet idet terrenget er flatt og relativt enkelt å byggje ut, seier retten.

I 2007 vart det gjort vedtak i Volda kommunestyre om å auke prisen kommunen tok for tomter i Furene næringsområde til kr 190 per kvm. I tillegg kom kostnader til utbygging av teknisk anlegg, stipulert til kr 117 kroner per kvm. Retten meiner at eit politisk vedtak om pris, ikkje i tilstrekkeleg grad reflekterer det ein kjøpar på den opne marknaden ville gi for tomta, slik at prisen for tomtene i saka som gjeld Rotset i alle fall ikkje kan vere lågare enn 190 kroner per kvm.

Av dei prisdøma som er lagt fram meiner retten det er saksøkte sine prisdøme i Furene som er mest relevant. Desse er selde på den opne marknaden.

Prisen var sett til 230 kroner per kvm i 2012. Kostnader til teknisk anlegg kjem i tillegg.

Det er retten si oppfatning at tomtene på Rotset har betre plassering enn tomtene i Furene.

Gangavstand

– Tomtene i Furene har også lett tilgang til E39, men det er ikkje gangavstand frå sentrumsområda verken i Ørsta eller Volda til desse tomtene. Det er det for tomtene i vår sak som ligg ca 10–15 min gonge frå sentrum av Volda. Vidare ligg tomtene i denne saka nært store bustadområde i Volda, slik at dei også er lett tilgjengeleg til fots eller med sykkel for dei som eventuelt får arbeidsplassen sin i dette området. Tomtene i Furene har ikkje gangavstand til like store bustadområde. Begge desse forholda gjer at prisen for tomtene i vår sak må ligge høgare enn prisen for tomtene i Furene, seier Søre Sunnmøre tingrett.