Skuleklassa hadde onsdag fokus på frigjeringsdagen og at vi bur i eit fritt land. På dagstemaet snakka dei mellom anna om kvifor vi flaggar, og at det ikkje er noka sjølvfølgje at vi er fri.

Som ein del av undervisninga tok elevane turen ned til sentrum der dei fekk sjå på bautaen ved Ørsta kyrkje og høyre om kvifor han står der.