Det seier Paul Kristian Hovden i aksjonskomiteen for TV-aksjonen i Ørsta.

Interesserte kan melde seg via TV-aksjonen sine nettside, blimed.no. Dei kan også møte opp på rådhuset klokka 16.00 søndag.

– Der får alle tildelt roder, fortel Hovden.

Næringsliv

Også næringslivet kan bidra til å styrkje demenssaka.

– Vi har ikkje nådd alle bedriftene i Ørsta, og dei som ønskjer å gi pengar kan gå inn på nettsida giverstafett.no. Der kan også private leggje inn beløp og ein kan sjå kommuneoversikta for å følgje med kor mykje som kjem inn i kommunane, seier Hovden.

Han ønskjer å rette stor takk til alle som bidreg i TV-aksjonen.

– Eg vil gje stor ros til alle som er med på denne felles dugnaden, seier han.