Fylkesmannen i Møre og Romsdal tildeler to stillingar til det nye felles barnevernet for Ørsta, Volda, Ulstein og Hareid. Kommunane søkte opphavleg om midlar til tre stillingar.

Dei fire kommunane har i vår gjort vedtak om å slå saman barnevernstenestene til ei felles teneste. Det nye felles barnevernet skal vere etablert frå 1. januar komande år. Volda kommune skal vere vertskommune, og lokala til det nye barnevernet skal vere i aksen Ørsta sentrum – Volda sentrum.

To stillingar

Sjølve prosjektet er det Ulstein kommune som leier, og Ulstein har ansvaret fram til Volda tek over som vertskommune frå nyttår. Ulstein kommune hr difor på vegner av samarbeidsprosjektet søkt om statleg støtte til tre stillingar i det nye felles barnevernet, og dessutan om 370.000 kroner til kompetanse- og samhandlingstiltak i samband med overgangen til nytt felles barnevern.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har vurdert søknaden. Fylkesmannen sit på og deler ut dei øyremerkte midlane som Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har for barnevernet. Departementet har gjort det klart at interkommunalt samarbeid etter vertskommunemodellen bør prioriterast for slike stillingar og midlar.

Difor tildeler fylkesmannen to stillingar til den framtidige barneverntenesta. Fram til årsskiftet vil midlane gå til Ulstein kommune, og frå og med 2014 til Volda kommune som vertskommune. Ei av stillingane skal nyttast til tiltaksarbeid. Tildelinga til stillingane er på 925.689 kroner.

Samhandlingstiltak

Når det gjeld søknaden til kompetanse- og samhandlingstiltak, tildeler fylkesmannen 250.000 kroner.

Ulstein kommune får også utbetalt midlar til ei tidlegare løyvd barnevernsstilling for Ulstein på 638.410 kroner. Hareid kommune og Ørsta kommune får tilsvarande sum utbetalt.

– For 2014 vil det truleg vere mest praktisk at dei øyremerkte midlane vert overført til Volda kommune også for desse tre stillingane, heiter det frå fylkesmannen.