– Klart vi ynskjer å få vitjing av seglskuter til Ørsta. Men vi treng litt hjelp frå næringslivet og andre for å få det til, seier ordførar Rune Hovde.

Ørsta kommune er ei av kommunane som er inviterte til å vere gjestehamn for Tall Ship Races komande sommar, og der Ålesund er vertskapshamn.

Seglskutene kjem til Ålesund den 15. juli etter ein konkurranseetappe frå Belfast. Skutene skal vidare til Kristiansand den 18. juli.

Ti gjestehamner

Seglasen frå Ålesund til Kristiansand er utan konkurranse, og det er meininga skutene skal innom opp til ti gjestehamner/kommunar på veg sørover.

Det er her Ørsta er bedne om å vere ei av ti gjestehamner, og Ørsta er slett ikkje motvillig, forsikrar Hovde.

– Nei, men vi har måtta sjekke økonomien i dette, for det går jo historier om kommunar som har fått ein økonomisk blåmåndag etter å ha vore vertskap. No har vi gjort ein sjekk, og dette skal vi greie dersom vi får litt hjelp til ein dugnad, seier Hovde.

Lodde ut mannskapsplassar

Dei kommunane som seier ja til å vere gjestehamner etter 18. juli må kjøpe mannskapsplass for 7.000 kroner per mannskap. Det er krav om at det må kjøpast plassar for fire personar, slik at totalkostnaden vert minimum 28.000 kroner.

– No tenkjer eg høgt, og inviterer med dette næringslivet og andre til å vere med. Vi kan til dømes lodde vekk to av plassane, seier Hovde.

Han håper og trur på respons, for ordføraren har fått mange førespurnader om saka.

- Mange ynskjer besøk

– Dette er noko folk ynskjer at Ørsta skal vere med på, og også eg hugsar førre gong då Ålesund var vertskapsby i 2001, og fleire skuter kom til Ørsta. Det var eit slott syn, og det skapte god stemning, fortel Hovde.

Han ber om ein svært rask respons, for saka hastar.

– Eg ynskjer at dei som er interesserte i å medverke tek kontakt med meg i løpet av i dag (torsdag) eller fredag. Planen er at eg får lagt fram saka for formannskapet komande tysdag, seier Hovde.

Aktuelle stader for vitjing i Ørsta kommune skal vere Ørsta, Sæbø og Urke.