Frå fredag morgon til søndag vert det einvegskøyring forbi Øy i Follestaddalen i samband med NM i gjetarhund.

Leiar i NM-nemnda, Odd Bjarne Bjørdal, fortel at det vert einvegskøyring framover dalen på denne sida. På andre sida vil trafikken kunne gå som normalt.

Han minner elles om at finalen startar søndag morgon, ikkje søndag ettermiddag, som Møre-Nytt skreiv tysdag.