Entreprenøren AF Gruppen nytta helikopter til å flyge opp betong til dei første mastefundamenta i Vatnedalen torsdag føremiddag. Arbeidet held fram laurdag.

Ørsta er saman med Moskog i Jølster først ut når det gjeld oppstart i linjebygginga.

Kommunikasjonsrådgivar Martha Hagerup Nilson i Statnett seier til Møre-Nytt at det i denne omgang skal klargjerast for linje mellom Hovdenakk og Hundvikfjorden.

– Det er dette strekket vi først fekk endeleg vedtak frå OED på. Nord for Hovdenakk tek vi når alt er på plass i høve miljø- og transportplan, seier Hagerup Nilsen. Ho reknar med bygginga kan starte i 2014.

Monteringa av sjølve mastene skal ein italiensk entreprenør utføre. Det er venta at dette arbeidet vil starte i sommar. Då vil også veg- og grunnarbeidet til Ørsta transformatorstasjon kome i gang.

Heile prosjektet med tretti mil linje, sju transformatorstasjonar og sju fjordspenn skal stå ferdig i 2015.

Det skal byggjast tre master per kilometer, men dette kan variere ut i frå terrenget.