Til stor glede for både syklistar og bilistar har det dei siste dagane vorte lagt eit nytt dekke fersk asfalt på dei utslitne strekningane inn mot Ørsta sentrum frå Hovdebygda.
Tidlegare i haust vart det lagt eit lag «naudasfalt» frå Vekslet opp langs Bogabakkane, Rysteflata og Hovdebakken. No har entreprenøren NCC lagt eit nytt lag asfalt på dei resterande strekningane inn mot sentrum. Samstundes har ei strekning på meir enn ein kilometer med gang- og sykkelsti frå Hovdebygda til Ose fått ny asfalt.
Ifølgje byggjeleiar Jens Hamre Moe i Statens vegvesen er asfalten som har vorte lagt på europavegen i haust eit mellombels dekke, då den gamle asfalten var i så dårleg forfatning at han ikkje var forsvarleg å køyre på lenger.
Sommaren 2012 er det planlagt ei total reasfaltering av heile strekninga av E39 mellom Hovdebygda og sentrum.