Etter at den såkalla «streknings-ATK-en» i Eiksundtunnelen vart sett i verk førre fredag, har Møre-Nytt fått inn meldingar frå bilistar som klagar over at enkelte køyrer langt under fartsgrensa.

– Det at sjåførar køyrer altfor sakte for å vere sikker på ikkje å få bot er irriterande, og kan skape trafikkfarlege situasjonar, seier mellom anna ein sint mann på tråden til Møre-Nytt.

– Ikkje optimalt

Lensmann Guttorm Hagen skjønar problemet, og seier bilistar med lav fart var ein venta effekt av den nye snittmålinga. Han er likevel klar på at det er uheldig med saktegåande køyrety som hindrar trafikkflyten.

– Det er ingen grunn til å liggje langt under fartsgrensa. Eg kjenner ikkje vegvesenet sine marginar for å verte teken i snittmålinga, men det dei fleste bilistar ikkje er klar over, er at dei allereie køyrer langt under fartsgrensa sjølv om speedometeret viser til dømes 80 km/t.

Instrumentfeil

Hagen fortel nemleg at mange har unøyaktige fartsmålarar i bilane sine.

– Det betyr at sjølv om speedometeret viser 80 km/t, kan den reelle farta vere nede på 70–71 km/t. Dersom ein då vil vere på den sikre sida og køyre 10 km/t under fartsgrensa, kan ein i realiteten ligge heilt nede på 60–61 km/t. Det er ikkje bra.

Lensmannen foreslår å plassere ut ei tavle på Sørheim som viser farta til kvar enkelt forbikøyrande bilist.

– Slik kan ein få målt farta, og eventuelt vurdere om det er behov for å justere speedometeret på verkstad.

Fordel/ulempe

Då snittmålinga vart set i verk førre fredag, opplyste senioringeniør Ruth Myklebust i Statens vegvesen om at dette tiltaket er tre gangar så effektivt som vanleg fotoboks.

Lensmannen er positiv til tiltaket, men ser også ei ulempe.

– Vi forventar å få ein fartsreduksjon i tunnelen ja, men ein kan oppleve at mange bremser mykje for å vere sikker på å unngå bot. Det kan føre til slitasje på bremsesystemet, noko som ikkje er bra i lengda.

UP på vakt

– På generelt grunnlag – hender det at politiet bøtelegg folk som køyrer for sakte?

– Ja, utrykkingspolitiet (UP) slår ned på slikt. Det hender også at dei vanlege patruljane stoppar folk som hindrar flyten i trafikken, og då kan det av og til dreie seg om rustilfelle.

Lensmannen kjem  uansett med råd til dei som rett og slett ikkje tør å halde den øvre fartsgrensa.

– Dei bør svinge til side og sleppe folk forbi.

Lensmann Guttorm Hagen.