Det var Alexander Riise Olsen frå Sæbø som opna dagane. Han la vekt på at Hjørundfjorddagane har vorte ein fast tradisjon på Sæbø, og er med på å gje folk identitet.

- Sjølvkjensle

- Hjørundfjorddagane betyr så uendeleg mykje meir enn mynt i tome klubbkasser. For oss som bur her betyr dagane samhald. Og dei gjev auka sjølvskjensle, sa Riise Olsen.

Han peika også på at Hjørundfjorddagane er eit stort dugnadsprosjekt, og folk frå heile Hjørundfjord-området stiller opp.

Solskin og snøver

Vanlegvis er søndagen den store dagen under Hjørundfjorddagane. Laurdagen plar det ikkje vere så mykje folk. Mange er det likevel som kjem, og i år møtte publikum sunnmørsveret på sitt mest spesielle. I løpet av få timar var det både strålande solskin, regnver og snøbyger.

Det er både sceneunderhaldning og mange utstillarar. Eit av dei fyrste innslaga i år var "Polka-Bjørn" frå Tomrefjord. Han imponerte og overraska med blues og country, jodling - og ikkje minst mongolsk strupesong.

Hjørundfjorddagane held fram med meir underhaldning utover ettermiddagen, og laurdag kveld er det konsert i Hjørundfjord kyrkje med Volda Mannskor.

Søndag er det mellom anna reiselivsdebatt, mykje song og musikk, og dessutan vil dei nye eigarane av hotellet på Sæbø presentere planane for det snart nyopna hotellet.

Alexander Riise Olsen opna Hjørundfjorddagane, og la vekt på dugnadsinnsatsen. Foto: Rune Sæbønes