Lygnstøylvatnet i Norangsdalen er eit populært reisemål for mange, og no er arbeidet i gang med å gjere informasjonen om vatnet og området rundt betre. Fleire aktørar er med på prosjektet som både inkluderer kulturminneskilt og parkerings- og rasteplass.

– Dette er eit veldig artig prosjekt som vi håper kjem både lokalbefolkninga og turistar til gode, seier Gro Anita Bårdseth i Ørsta kommune.

Historia til Norangsdalen

I skiltplanen som er lagt fram skal det kome opp tre store skilt i storleiken A1, to ved rasteplass ved Lygnstøylvatnet og eit ved rasteplass ovafor Urasetra. I tillegg vil det kome eit litt mindre skilt i nærleiken av steinbruene på Fivelstad.

– Dette er kulturminneskilt og informasjonsskilt som vil fortelje historia til Norangsdalen. Informasjonen på skilta vil ta for seg både natur og historie, og fortelje om korleis dalen har vorte til. Mesteparten av informasjonen vil vere om kulturminne, men det vil også vere bolkar om setrane som har vore ei viktig næring der i all tid. Så er vi også så heldig vi får både eksisterande setrar i Urasetra og Stavbergsetra, i tillegg til den overfløymde setra som er i Lygnstøylvatnet, seier Bårdseth.

Registrering og detaljerte kart

Setra som ligg under vatnet er kanskje den største attraksjonen, og arbeidet med å registrere kva som ligg under vatnet er godt i gang.

– Vi har no dykkarar nede, i samarbeid med Volda dykkarklubb, som gjer ei flott undervassregistrering av Lygnstøylvatnet. Dette har ikkje vorte gjort tidlegare. Dykkarane lagar også eit kart over kva som er i vatnet. På bakgrunn av dette skal Bergen Sjøfartsmuseum teikne ei perspektivskisse. I staden for eit flatt plankart vil kartet verte teikna litt opp slik at ein ser konturane vegen, bruene og sela. Vi håper at dette vil verte ein flott illustrasjon for alle, og at ein får eit innblikk i kva som ligg der utanom det ein ser frå vegen. Informasjonen på skilta vil vere på norsk, engelsk og tysk. I tillegg vil den informasjonen som vi ikkje plass til på skilta verte lagt ut på kulturminneatlas.no, seier Bårdseth.

Avgrense dykkinga

Lygnstøylvatnet har og vore ein populær destinasjon for dykkarar i mange år, men dette kan verte avgrensa.

– Det er mange som dykkar der, og vi nok prøve å avgrense dette litt. Det er mange sårbare objekt i vatnet, og dykkarane vil også få ein del informasjon, seier Bårdseth.

– Positiv til at det vert realisert

Målsetjinga er at skilta skal vere på plass våren 2013, men tidspunktet for å få på plass parkerings- og rasteplass er meir uvisst.

– Vi må til med reguleringsplan eller dispensasjon frå gjeldande plan. Det er mange forhold som må avklarast i samband med trafikktryggleik og finansieringa må vere på plass. Det er mange bolkar, men vi jobbar med det. Alle er positive og eg er positiv til at det vil verte realisert, men eg tør ikkje å seie ein dato. Vi er avhengig av fleire høyringsinstansar, men vi er godt i gang, seier Bårdseth.