Laurdag gjekk trekkspelfestivalen Vårbelg av stabelen på Ørsta kulturhus. 102 deltakarar var samla for å hyggje seg med musikk og sosialt samkvem på det tradisjonsrike arrangementet som snart tel 30 år i virke.

Både Åmdal , Ørskog og Ulstein trekkspelklubb stilte mannsterkt på scena med klassiske nummer som reinlender og "Accordian king". Festivalen kunne også skilte med diverse solonummer, som til dømes tidlegare noregsmeister Vegard Hansen med stykket "Drøymeland", og 12 år gamle Joakim Nygård Nørve som fremførte "Grashoppenes dans".

Nordmøringen Odd Arne Halaas og gamaldansorkesteret Knerten & co stod for dei to siste nummera, og avslutta konserten på vittig og livat vis, der dei verkeleg drog med seg publikum og heva stemninga enda eit hakk.

Samansveisa av musikken

Sjølv om snittalderen på kulturhus-publikumet var høg, var der fleire levande prov på at det gror godt i dei yngre rekkene med trekkspelentusiastar. Stine Sollied (19) og Marius Berglund (20) frå Ørskog trekkspelklubb er nemleg klare på at alder ikkje er noko hinder når det kjem til musikken.

- Nei, personleg tykkjer eg at det å fare på trekkspeltreff er noko av det kjekkaste som finst. Vi vert ein samansveisa gjeng etter kvart, og det sosiale samkvemet er minst like viktig som musikken, seier Berglund, som fortel at han er på liknande treff minst tre gangar i halvåret.

Sollied er ikkje like ofte på reisefot med trekkspelet, men ho er nøgd med å delta på Vårbelgen i Ørsta.

- Møre og Romsdal har det største distriktsmeisterskapet i landet, så det er definitivt eit dedikert miljø for trekkspel her på Sunnmøre, seier ho.

- Ein kjem inn i det

Sollied byrja å spele på instrumentet då ho var 9-10 år gamal, medan Berglund var 14-15 år då han vart fenga. Sjølv om trekkspel kanskje ikkje er like populært blant unge som til dømes gitar, er begge klare på kva som gjorde at dei valde å trykke instrumentet til sitt bryst - bokstaveleg talt.

- Det er allsidig og passar til all type musikk. Mange trur det er så vanskeleg å spele på fordi det er så mange knappar og ein må bruke begge hendene, men ein kjem inn i det altså.

- Kva må til for at trekkspelet skal verte populært blant unge igjen?

- Born må få oppdage det i tidleg alder, og det skjer dersom miljøet er godt. På heimstaden min er det i alle fall veldig populært med trekkspel, seier Berglund.

- Betre enn i fjor

Tre karar som kan karakteriserast som dedikerte, er i alle fall Frode Andersen, Kjell Klokk og Per Håskjold. Dei har opplevd langt fleire sommarar enn ungdomane frå Ørskog, og Andersen har hatt spelinga som hobby sidan han var liten gut.

- Det vart berre slik. Eg hadde folk rundt meg som spelte trekkspel, og då var det lett å sjølv fatte interesse for det, seier Sandnes, som stadfestar at også årets Vårbelg held høg kvalitet.

Det er arrangør Idar Vatne samd i.

- Artistane leverte flotte prestasjonar for ein fullsatt sal, så eg er svært nøgd. Det at vi har klart å selje meir enn hundre billettar er også positivt, og betyr at vi har overgått fjoråret, seier han.

Marius Berglund (20) og Stine Sollied (19) frå Ørskog trekkspelklubb seier at interessa for musikk visker ut aldersskiljet på treffa. Foto: Ivar Lid Riise
F.v. Per Håskjold, Kjell Klokk og Frode Andersen har hatt interesse for trekkspel sidan barneåra. Foto: Ivar Lid Riise
Arrangørane Lasse Dale (t.v.), Idar Vatne og Asgeir Aam er strålande nøgde med årets Vårbelg. Foto: Ivar Lid Riise