Voldadamene i 2. divisjon handball har dobbelkampar i trøndelag denne helga. Laurdag møtte dei Skaun for andre gong denne sesongen, men no i Skaunhallen. Før pause var det lenge jamnt, men mot slutten av omgangen gjekk Volda opp i ei tre målsleiing og kunne gå til pause med 15-12 leiing.Etter pause punkterte Volda kampen tidleg og auka leiinga jamnt og trutt utover i omgangen. Det var ingenting å seie på sluttresultatet som blei 35-23.Volda spelte i perioder svært bra i angrep sjølv om det blei ein del bom på ein god Skaunkeeper. I forsvar sleit laget litt med å stoppe bakspelarane til heimelaget.

Kampfakta: Skaun – Volda   23 – 35 (12 -15)

Skaunhallen.Volda: Runa Vik, Anita Gaarder, Anette Berg , Linn Berg 7, Kine Kvalsund 4, Olivia Kiss 5, Maria Ulla 1,  Line S.Hagen 4, Vanessa S. Hoel 2, Aukse Aglienskiene 4,Tina Gavranic 8.Toppskårar  Skaun: Wenche Holm og Cecilie Stav 8 kvar.Best på Volda:  Linn Berg og Tina Gavranic.Utvisningar: Volda ingen, Skaun  2x 2min.Domarar: Henrik Damås og Thomas Aunan.

O.K