– Dersom tilskotet vert fjerna står drifta i fare, seier dagleg leiar for bassenget, Karen Høydal.

Sjokk

Det kom som eit sjokk på henne at det i budsjettframlegget for Helse Møre og Romsdal neste år, er foreslått å fjerne driftsstøtta på 250.000 kroner til varmtvassbassenget ved Volda sjukehus.

Bak stiftinga Varmtvassbassenget står Volda/Ørsta Revmatikerforening, Volda kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Bassenget vart bygd medan fylkeskommunen eigde sjukehusa. No er det Helse Møre og Romsdal som eig bygget, men stiftinga står for drifta.

Tredjedel

Summen som er foreslått fjerna er om lag ein tredjedel av inntektene til bassenget, men pengane betyr mykje.

Og mange vert råka dersom bassenget må stengjast.

– Bassenget er eit verkty for svært mange med kroniske sjukdommar. Sytten grupper brukar bassenget jamt og trutt. I tillegg har vi mange andre brukarar, barn vaksne og eldre, fortel Høydal.

Kapasiteten er sprengd, og Høydal seier det er behov for to slike basseng i området.

Bassenget ved Mork Rehabiliteringssenter vert ikkje lenger leigd ut og bassenget som er lokalisert i bygget til psykiatriklinikken i Volda er det einaste i området med 34 grader og universell utforming. Varmen har god effekt både på revmatikarar og andre grupper.

Garanti

Karen Høydal meiner det ligg ein garanti og føringar for drifta gjennom tilskot frå Kulturdepartementet då bassenget vart bygd.

– Rehabilitering og folkehelse er lovpålagd, difor skal det mykje til for å ikkje gje tilskot til dette føremålet, meiner Høydal.

Karen Høydal likar dårleg at varmtvassbassenget kan misse driftstilskot.