Breivik er innstilt til vervet av valkomiteen til Røde Kors Ungdom.

Breivik har vore aktiv i Røde Kors og Røde Kors Ungdom sidan 2007. Han var leiar i Volda Røde Kors Ungdom fram til 2011, der lokallaget dreiv aktivitet for unge på det lokale asylmottaket og seksuell helsearbeid retta spesielt mot russen kvart år.

I 2011 vart Breivik valt inn i ungdomsorganisasjonens sentrale styre, Røde Kors Ungdoms landsråd. Her har han arbeidd med migrasjonsspørsmål og inkludering og distriktsoppfølging, opplæring og demokrati det siste året. Breivik har vore organisatorisk nestleiar.

No er han innstilt som leiar, og valet vil skje på den sentrale ungdomskonferansen 14.-16. november, då tillitsvalde frå heile er samla på Tjøme i Vestfold.

- Ære

– Det er ei stor ære å bli innstilt av valkomiteen og eg gler meg til å halde fram, dersom eg vert valt. Etter tre hektiske år i landsrådet har eg opparbeida meg erfaringar og nettverk som eg ynskjer å ta med vidare inn i leiarvervet.

– Det er mange humanitære utfordringar blant unge, og derfor ikkje mindre behov for at ungdom er til stades for andre ungdom, både her heime og ute i den store verda. I ei tid der samfunnet rundt oss stadig er i endring og utviklinga skjer raskt, er det viktig at vi ikkje gløymer viktige verdiar og har tid til å stoppe opp og sjå kvarandre. Med fleire ungdommar som ynskjer å gjere noko for andre, og fleire Røde Kors Ungdom-lokallag, kan vi i større grad vere til stades for unge som treng ein møteplass og sosialt nettverk, vere talsperson for menneske i sårbare livssituasjonar og arbeide for at ungdoms helse vert teke vare på uansett kven ein er og kvar ein bur.