Onsdag morgon oppdaga lærar Frank Harald Velle at det hadde vore uønskt besøk på Liadal skule.

– Nokon har teke seg inn i bygget i løpet av dei siste dagane av romjula og nyårshelga. Dei har brote opp dører i hovudetasjen og knust eit vindauge i kjellaren. Det er nokon som har vore på jakt etter noko, seier Velle.

Politiet har vore på staden og gjennomført tekniske undersøkingar. Tjuvane har fått med seg eit mindre pengebeløp.

– Det er veldig kjedeleg at slikt skjer. Ut frå skadane så har dei som har teke seg inn gått hardt til verks, seier Velle.