Men det kostar huseigar Einar Åmås meir enn ei krone å få huset frå mellom 1840 og 1870 til gards, og i den stand Åmås ønskjer.

– Totalt reknar eg med prosjektet vil passere 600.000 kroner. Men fint skal det verte, spår ein smilande Åmås.

Han kjøpte huset nærast på impuls, og no er det like før han får det frakta til garden sin.

Litt repetisjon: Ole Jørgen Ose må på vegner av slekta kvitte seg med eit gammalt hus som ligg eit steinkast frå Rema på Ose. Huset må fjernast fordi eit byggjefirma i Volda har kjøpt tomta og skal bygge bustader i området. Fleire har vore interesserte i huset, og har kontakta Ose på vegner av eigarane. Etter ein del fram og tilbake vart det gjort avtale om at Einar Åmås skal ta over huset, og flytte det til garden sin øvst på Åmåsen, rett bak Legene. Det ser Einar Åmås fram til, sjølv om det langt ifrå er rein plankekøyring å flytte det vesle, kvite huset med verneverdi.

– Huset er veldig fint, med flotte stover og klassiske vindauge. Eg tenkte det passa fint til resten av tunet mitt som er solrikt med god utsikt, fortel Einar.

Både kommunen og fylket spelar på lag med Einar, og kommunen har gitt midlertidig dispensasjon med sikte på varig dispensasjon, i samband med flyttinga. Og noko frådeling på garden slepp han.

Ekstraordinær

Sjølve flyttinga vert ekstraordinær. For det dukkar opp utfordringar når eit heilt hus – knappe sju meter breitt og åtte meter langt – skal flyttast på trafikkerte vegar. Bøstrand har teke på seg transportoppgåva og Inge Kolos & Co klargjer huset før flytting. Før det må taket demonterast, og pipa må takast ned. Flytteoppdraget er så spesielt at politiet vert kopla inn i samband med transporten. Og når huset kjem ut på vegane, vert dei stengde. Folk som har greie på straumføring og tele langs vegane er også kopla inn og skal m.a. fjerne ein telefonstolpe.

– Den største utfordringa vert nok siste biten, vegen opp til tunet mitt. Den er noko bratt, men vi kryssar fingrane, seier Einar.

Tilbygg med bad og yttergang på gamlehuset tek han ikkje med seg til Åmåsen, og dette er allereie rive.

– Eg vil bygge opp eit enkelt og meir passande tilbygg for inngangspartiet. Eg skal også byte taket til skifertak og byggje om loftet, fortel Einar.

Han satsar mykje på det estetiske, og at ting skal stå i stil.

Alt kostar, og når sluttsummen er der trur Einar Åmås han kjem til å bruke over 600.000 før han kan setje seg ned og nyte utsikta frå gamlehuset som kjem til å ligge midt på garden – plassert mellom den gamle grindløa og den meir moderne driftsbygningen som er utleigd. Kostnaden inkluderer også graving av tomt, bygging av ringmur og snikkarkostnad.

Farssida

Familien til Einar Åmås på farssida kjem frå garden der Einar har budd sidan konfirmasjonsalderen. I 1998 tok han over garden etter faren Knut Åmås, og i dag er det Einar og katten hans Bosse som er fastbuande der. Einar har så stor plass at Bosse disponerer eiga «leilegheit» i våningshuset..

Siste året har Einar, med hjelp av gode venner, gjort om den gamle grindløa på garden til det som raskt har vorte ein populær plass for sosiale samkome.

– Løeprosjektet starta med at eg i fjor ville feire førtiårsdagen min i løa. Då måtte løa ryddast, fortel Einar.

No står løa fram i heilt anna drakt. Løa er ikkje berre rydda og måla, golvet er forsterka, der har kome nytt elektrisk anlegg, og ein original bar og ei scene. Resultatet har vorte eit stilfullt lokale som denne sommaren skal ta imot gjester for ulike sosiale høve, også bryllaup. Bjørn Dalene, Idar Henning Vatne, Egil Hansen, Yngve Dale og Torstein Åmbakk er karar Einar vil rose i skyene for innsatsen.

– Når gamlehuset på Ose kjem på plass, vil eg også ha høve til å late folk overnatte på garden, både gjester og turistar. Såleis vert gamlehuset eit anneks til våningshuset, seier Einar.

Han har til dagleg fraktansvar i Havila Shipping. Dette skal han halde fram med. For det han driv med på garden er ein kjekk hobby for den tidlegare mjølkebonden som har reist verda rundt i jobb og fritid.

– Får eg litt inntekter frå utleige av løa, vil det gå til vedlikehald. Her manglar ikkje på oppgåver.

40-åringen kleiar i fingrane etter å få gamlehuset til gards. No er det like før.

– Huset får det bra her i Åmåsen. Dette er jo den finaste plassen, smiler den kreative ungkaren.