Sunnmøre regionråd er sterkt kritisk til utviklingsplanen til Helse Møre og Romsdal. Rådet meiner planen inneber ei for stor kostnadsoverføring til kommunane. Mellom anna fryktar regionrådet at oppgåvene Mork senter har no vert overført til kommunane.

– Ein kan få eit inntrykk av at dette i det store og heile handlar om ein kan forsere oppgåveoverføring på kommunane med påfølgjande underfinansiering for å lette på helseføretaket sin eigen økonomi, heiter det frå regionrådet. Fråsegna er ført i pennen av styreleiar Jan Ove Tryggestad og dagleg leiar Jan Kåre Aurdal.

Sunnmøre regionråd er samanslutninga av kommunar på Sunnmøre, og meiner det er naturleg og rett at kjem med ei fråsegn til planen, som er ute på høyring.

Utviklingsplanen har tidlegare fått kritikk mellom anna frå Ørsta og Volda kommunar, og frå KS i Møre og Romsdal.

Uavklarte konsekvensar

Eit av hovudankepunkta er altså at planen etter regionrådet sitt syn inneber ei overføring av kostnader frå helseføretaket til kommunane, og at dette vert gjort for at helseføretaket skal greie å få til ein balanse i drifta.

– Ein hovudkonklusjon er at føringar og tiltak i Utviklingsplanen for HMR vil kunne ha uavklarte konsekvensar for kommunane – tenestemessig, fagleg og økonomisk. Slik den ligg føre vil den kunne sette dagsorden for ansvars- og arbeidsdelinga mellom HMR og kommunane og vere med å forme utviklinga innanfor dei kommunale helse- og omsorgstenesta i åra frametter, heiter det i fråsegna.

– Helseføretaksleiinga har nok ikkje noka anna val med dei rammevilkåra dei må forhalde seg til. Saka bør derfor lyftast på nasjonalt nivå, seier Aurdal og Tryggestad.

Dei meiner at planen ikkje godt nok skildrar den økonomiske stoda til helseføretaket.

– Det vil derfor vere naturleg å stille spørsmål ved realismen knytt til om innbyggjarane framleis vil få eit godt spesialisttenestetilbod i eige fylke i framtida. Alternativet til pasientane om føretaket ikkje lukkast, vil vere å nytte seg av tilbod i sjukehus utanfor fylket, kommenterer regionrådet.

Volda som traumesjukehus

Vidare meiner regionrådet at utviklingsplanen ikkje tek omsyn til føringane i nasjonal helseplan.

Dette gjeld mellom anna for Volda sjukehus.

– I den nasjonale traumeplanen vert det lagt vekt på å utnytte tilgjengelege kirurgi- og intensivmedisinske ressursar for ein tidskritisk tilstand som traume er. Alle andre sjukehus i Norge som har tilsvarande akuttilbod som Volda har, er ført opp som traumesjukehus, men Volda sjukehus er ikkje det trass i at det fyller alle dei krava som Nasjonal Helseplan set til traumesjukehus. Helse Møre og Romsdal legg i utviklingsplanen ikkje opp til at Volda sjukehus skal få ein slik funksjon, noko som er utholing av sentrale vedtak, heiter det frå regionrådet.

Regionrådet meiner vidare at utviklingsplanen ikkje tek omsyn til at det ikkje er fastlandssamband mellom Volda og Ålesund, og ikkje at det dei siste åra er gjennomført eit tett samarbeid med Helse Førde om fødetilbod for Nordfjord.

– Volda sjukehus har blitt ein viktig tryggleiksbase for folk i Nordfjord både ved akutte sjukdommar og skadar, både på grunn av nedlegging av akuttkirurgi på Nordfjordeid og på grunn av Kvivsvegen, heiter det frå regionrådet.

Dei meiner også at det ikkje er teke omsyn til gjeldande styrevedtak for Mork senter og spesialisert rehabilitering. Regionrådet fryktar at rehabilitering er ei av dei tenestene som helseføretaket ynskjer å overføre til kommunane.