Fleire frå slekta hans kom for å ta del i seremonien. I tillegg var det fleire klasser frå Volda vidaregåande skule som møtte for å få med seg hendinga, melder Volda kommune på si heimeside.

Abraham Bernhard Mahler vaks opp i Trondheim som den nest eldste av fem søsken. Etter gymnaset arbeidde han eit par år i faren si forretning, men hausten 1942 flytta han til Volda for å studere. Planen var å fullføre Volda handelsgymnas si toårige utdanning på eitt år.

Auschwitz

Han leigde rom hjå familien Strand, og vart beskreven som ein stillferdig, høflig og skuleflink ung mann. Abraham fekk ikkje fullført utdanninga si. Han vart arrestert hausten 1942. Abraham sitt liv enda i Auschwitz. Dødsdato og dødsåsak er ukjend.

Snublesteinar

Snublesteinane er ein del av eit kunstprosjekt som har gått føre seg i Europa i over 20 år. Til no er det lagt ned over 60 000 slike steinar, og i år får Volda sin første, førebels den einaste. Snublesteinane er brosteinar, 10 x 10 cm. store, dekka med ei messingplate. Dei leggast ned til minne om personar som vart offer for Holocaust. På messingplata står namn, fødselsdato, dødsdato og staden der personen døde. Hensikta med snublesteinane er ikkje at vi fysisk skal snuble i dei, men at vi skal snuble over historia , og bli mint om at Holocaust også ramma personar i vårt nærmiljø - der vi bor, jobbar, går på skule og ellers oppheld oss i kvardagen.

Jødisk Museum

7.juni kl.12.00 arrangerte Jødisk museum Trondheim nedsetting av ein snublestein for Abraham Bernhard Mahler, utanfor hans tidligare studiestad. Volda handelsgymnas låg på tomta der ein i dag finn Volda legesenter.

Ved nedsettinga av snublesteinen var det ein seremoni med talar frå Jødisk museum Trondheim, Abraham sine slektningar og Volda sin ordførar, Jørgen Amdam.