Ørsta-meieriet stakk av med to æresprisar på International Food Contest i Herning i Danmark – og ærespris er den høgaste utmerkinga ein kan oppnå der.

Det fortel TINE i ei pressemelding.

Onsdag var det premieutdeling, og TINE Meieriet Ørsta fekk æresprisar for Kremgo Pepper og for Snøfrisk kremost ramsløk/hvitløk. I tillegg fikk dei gullmedalje for Kremgo Afrikansk type paprika.

Her er eit bilete av æresprisen. Foto: TINE

Produkta vert delte inn i ulike grupper som vert vurderte av fire – fem trente dommarar. Og det er stor prestisje i å oppnå premie.

Det vert gitt bronse-, sølv- og gullmedaljer for dei beste produkta, og den høgaste utmerkinga er altså ærespremie.

- Dette set vi på meieriet i Ørsta stor pris på. Bak ligg det stor innsats i alle ledd. Dette stadfestar også at TINE sine produkt hevdar seg godt i konkurranse med meieriprodukt frå våre naboland, seier anleggssjef Hans Petter Almenning Eldevik. Han er både glad og stolt på vegner av medarbeidarane i Ørsta.