Norsk Forbund for Utviklingshemma (NFU) Ørsta og Volda er urolege for kva planlagde endringar i tenestetilbodet i Volda vil innebere.

– Lokallaget er kontakta av medlemmer som er uroa over manglande brukarmedverknad i ei pågåande omorganisering av tenesteleveranse. Det vert informert i brev utan at det er invitert til drøfting/medverknad. Inntrykket er at prosessen er ferdig og at ein berre skal akseptere det som kjem, skriv leiar i NFU Ørsta og Volda, Are Halkjelsvik, i eit brev til Bu og habiliteringstenesta i Volda kommune.

NFU gjer det klart at manglande brukarmedverkad er i strid med både helse og omsorgstjenestelova (§3.10) og pasient og brukerrettigheitslova (§3.1 og 3.3).

– For vår gruppe er samarbeid med pårørande sentralt. NFU er heller ikkje teke med i desse prosessane, skriv lokallaget ved Halkjelsvik.

– ber om at ein får prosessane på rett spor til beste for tenestemotakarar, pårørande, dei som arbeider i desse tenestene og Volda kommune, står det i brevet til Volda kommune.

Foto: Marius Simensen