Natt til søndag vart ein mann vist vekk frå Ørsta sentrum grunna bråk. Politiet opplyser at dette skjedde etter klokka 01.00 i natt. Ein time seinare møtte politiet på same mann i Ørsta sentrum.

– Det vert oppretta sak på forholdet, opplyser operasjonsleiar Arild Reite.

I Volda måtte poltiet dempe ein støyande fest natt til søndag. Festdeltakarane skulle mellom anna ha urinert på naboen sin hekk. Politipatruljen gav pålegg om å halde fred resten av natt.

I løpet av natta har politiet brukt ein del ressusar på russen.

– Det har også i natt blitt brukt ein del ressursar på russen. 17 oppdrag i Ålesund, Molde, Ørsta, Sula og Ulsteinvik. For det meste klager på støy og bruk av fyrverkeri. Ein del pålegg gitt, ingen saker oppretta, opplyser Reite.