Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,9 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2022.

Frivillige lag og organisasjonar kan søke om å få kompensert kostnader til meirverdiavgift som dei har hatt ved kjøp av varer og tenester. Føremålet med ordninga er å fremme frivillig aktivitet, skriv Ørsta kommune på si heimeside.

Det er opna for søknader og søknadsfristen er 1. september.

Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivillighetsregisteret kan søke på ordninga. Frivillig innsats må være ein viktig del av verksemda for å søke. Alle mottakarar av momskompensasjon må vere registrert i Frivilligregisteret innan 1. september 2022. Dette gjeld også dei som søkjer via sitt sentralledd.