Det melder Varsom.no

– Meir skyer gir mindre nattefrost og skredfaren aukar. Etter kvart som det blir varmare utover dagen kan store skred losne av seg sjølv. Varmen svekker snøen i alle himmelretningar og våte skred kan losne i nordsider, skriv Varsom.no om måndagen på Sunnmøre.

For skiløparar er det lettast å løyse ut skred der snøen er mjuk og/eller fuktig.

Vidare skriv dei at skreda kan bli store nok til å gravleggje ein bil eller øydeleggje eit lite hus.