Onsdag 13. desember om kvelden gjennomførte politiet trafikkontroll i Ørsta i ei 60-sone. Ein mann i slutten av 40-åra gjennomførte ei forbikøyring og bilen vart målt til ei fart på 107 km/t.

I Sunnmøre tingrett erkjende mannen seg skuldig etter siktinga. Mannen forklarte at målinga skjedde under ei forbikøyring, og at han elles heldt seg innanfor fartsgrensa. Han forklarte og at han er avhengig av bil i arbeidet og difor vil tap av førarretten gje store utfordringar.

I Sunnmøre tingrett vart mannen dømd til fengsel i seksten dagar. Fullbyrdinga av straffa vart utsett med ei prøvetid på to år. Mannen vart dømd til å betale ei bot på 12.000 kroner. I tillegg vart han dømd til tap av førarretten i ti månader.