I 1987 gjorde bandet TNT reint bord på hitlister over heile Noreg med låten «10.000 lovers», medan Berlinmuren vart riven berre eit par år etterpå.

To av dei ferskaste representantane i Ørsta sitt kommunestyre var enno ikkje fødde på den tida, men skal ein tru dei sjølve, kjem dei ikkje til å kome med hua i handa når det nye kommunestyret etter kvart skal samlast til dyst.

Både Hanne Stokke (18) og Fredric Holen Bjørdal (21) representerer Arbeiderpartiet, og seier dei er klare til å kjempe for bygda si framtid.

– Vi kjem ikkje hit for å sitje stille på bakarste benk for å seie det slik, seier Bjørdal med eit smil.

– Eit friskt pust

Tysdag vart det klart at det nye kommunestyret har eit markant aldersspenn, med medlemmer frå atten til 69 år.

Stokke kjem frå Sæbø, og er den aller yngste representanten i Ørsta kommunestyre nokon gong. Det hindrar ho ikkje i å glede seg stort til å kome i gang med oppgåva.

– Det er fyrst og fremst utruleg kjekt å få slik tillit frå innbyggjarane i Ørsta. Dette kjem til å verte ei spennande tid, der eg vil jobbe hardt for å vise meg tilliten verdig, seier Stokke.

Bjørdal løyner ikkje at det er stas å få sjansen frå veljarane til å utgjere ein skilnad.

– Eg er rett og slett veldig stolt over å få kome inn i kommunestyret. Eg trur eg og Hanne kan vere eit friskt pust og bidra med noko nytt, seier han

– Mykje å lære

Sjølv om ingen av dei kjem til å leggje lok på seg sjølve når dei skal i aksjon, er dei audmjuke i møtet med dei nye utfordringane.

– Sjølvsagt er vi ferskingar som må gjennom ein lang læreprosess. Heldigvis sit der mange flinke folk i kommunestyret, og dei neste fire åra vert ein god sjanse til å få fagleg utbytte og god læring, seier Stokke.

Viktigaste sak?

– Kva er dei viktigaste sakene for dykk?

– Eg tykkjer det er viktig å gje betre arbeidsvilkår til dei som er tilsette i kommunen. Kommunestyret vi no skal inn i er arbeidsgjevar for dei kommunalt tilsette, og eg synest ikkje rettane deira har vorte godt nok ivaretekne, seier Bjørdal.

Stokke er på si side oppteken av transporttilbodet til dei unge, og etablering av helsestasjon.

Ungdomsretta

– De vil kanskje vere ekstra retta mot dei unge i Ørsta?

– Vi har ungdomsrådet til det føremålet, men det er no dei unge vi identifiserbar oss mest med, så det kan verte naturleg, seier Bjørdal.

Medan vi er inne på ungdomen, ytrar begge dei komande politikarane at dei er kritiske til at der er fleire parti i Ørsta som ikkje hadde med ein einaste kandidat under 30 år.

– Det er for dårleg, seier dei.

Har ambisjonar

Om ein ser framover, løyner ikkje Bjørdal at han vil opp og fram i politikken. 21-åringen har hatt mange verv sidan han var 14 år gamal, og har ikkje tenkt å slakke ned.

– Til fleire verv eg har, til meir meiningsfullt vert det. Eg ynskjer å arbeide med dette på fulltid, seier Bjørdal, som i lys av Utøya-tragedien opplevde ei spesiell tid då han var valkampgeneral for Møre og Romsdal Arbeiderparti.

– Nokre hevdar at det var ein kjedeleg valkamp, men der er eg ikkje samd, avsluttar han.