– Vi håper å kunne nytte det nye energianlegget rett over nyttår, seier prosjektleiar Stein Aam i Ørsta kommune.
Han er med i arbeidet med å sikre Ørstaheimen ny og billegare oppvarming. Meininga er å etablere eit varmepumpesystem, der vatn vert henta frå grunnvatnet.
Tysdag var det ei veke lange borearbeidet ferdigstilt, og røyr vart ført ned til 200 meters djup for å gjere det muleg å hente ut varme frå fjellet.
Det gjer at ein no ser lyset i tunnelen med bygginga av det nye varmepumpeanlegget til Ørstaheimen, som skal vere med og syte for komfortabel romtemperatur på oppunder 8.000 m², inkludert administrasjonslokala.
Oppstart
Stein Aam er leiar for både prosjektet og teknisk drift i helsesektoren, og han fortel at dei reknar med å vere heilt ferdig med boring og rørlegging denne veka, medan komande veke vert nytta til graving og sambinding av røyrgangane.
Om ein månad vert sjølve varmepumpa levert, og dersom alt er i rute, håpar han å kunne slå på anlegget rett over nyttår.
– Det er meininga at vi berre skal nytte varmen frå borehola på vinterhalvåret, men til vanleg er det tilstrekkeleg oppvarming med avkastet frå gjenvinningsanlegget på dei einskilde fløyene. Ørstaheimen har alltid vore litt for dyr i drift når det kjem til oppvarming, seier Aam.
Han har klokketru på prosjektet, og seier Øen Kuldeteknikk AS frå Hornindal var det rette firmaet til å utføre jobben.
På merittlista si har dei både Ekornes i Sykkylven, Nordfjord Energipark og storsentera i Ålesund.
Klimaplan
Ørstaheimen si varmepumpe vert nok eit ledd i kommunen sin klimaplan, der målet er å spare inn Ørsta sitt energiforbruk med 10–15 prosent innan 2020.
I ENØK-senteret sin rapport for prosjektet, reknar ein med at heile investeringa kostar minst 1,6 millionar kroner. Same aktør har deretter fått ENOVA til å sponse 350.000 av desse kronene. Resten er finansiert med kommunale middel.
Sjølv om prosjektet er kostbart, kan rekninga likevel gå i null på fire til fem år, dersom ein når målet om ei årleg innsparing på 500.000 kWh.
– Dette er eit tiltak som kjem til å verte gull verdt for kommunen, seier Aam, og får støtte av Ørstaheimen sin vaktmeister, Lindor Myklebust.