Den siste tida har det kome fram at Helse Møre og Romsdal må gjennomføre eit budsjettkutt på 124 millionar kroner.

Fleire fryktar no at det er Mork Rehabiliteringssenter som vert råka av sparekniven i form av nedlegging.

Varaordførar Paul Kristian Hovden føyer seg no inn i rekkja av dei som vil kjempe mot institusjonen si endelikt, og stiller mellom anna spørsmål ved habiliteten og tidsfristen til arbeidsgruppa som skal vurdere kvar kuttingane skal skje.

Ubalanse

– Den arbeidsgruppa som skal vurdere ei eventuell nedlegging er hovudsakleg samansett av personar frå Kristiansund, Molde og Fysikalsk Medisinsk avdeling i Ålesund. Berre Mona Ryste er med frå Mork, og den skeive fordelinga skiplar habiliteten, seier Hovden.

Han er redd for at tyngden av arbeidsgruppa, som ligg nord i fylket, skal setje sine nærliggjande alternativ i fyrste rekkje. Altså rehabiliteringssenteret i Aure og Nevroheimen i Ålesund.

– Gruppa burde vore komponert annleis, og dei burde fått ein lengre evalueringsfrist enn 30 dagar. No fryktar eg at konklusjonen deira er gjeve på førehand, og at Mork-senteret går ein mørk lagnad i møte.

– Ikkje kapasitet

Hovden har tidlegare ikkje engasjert seg i Mork-saka fordi han ikkje har følt reell uro før no.

Han meiner nemleg at institusjonen mellom Volda og Furene er ein så stor ressurs, at berre tanken på nedlegging til no har vore urealistisk.

– Medan Aure-senteret og Nevroheimen i Ålesund til saman hadde 110 slagpasientar i fjor, hadde Mork heile 160. Eg oppmodar helseføretaket om å sjå grundigare på konsekvensane ved ei nedlegging, seier han.

Hovden understrekar at korkje Ørsta eller Volda kommune vil ha kapasitet til å ta hand om alle rehabiliteringspasientane som kan verte trengande.

– Det er ikkje eingong nokon som har spurt oss om vi i kommunen har kapasitet til å ta hand om dei aktuelle bebuarane, seier Hovden.

– Lær av feil

Varaordføraren ber også om at ein ser til Oslo, og lærer av feila som vart gjort der då sjukehusa i hovudstaden vart slått saman.

– Der vart institusjonane ombygd i rekordfart, og fleire har kome i ettertid og sagt at ein gjekk altfor fort fram. No ser eg dei same tendensane i Helse Møre og Romsdal sin framgangsmåte.

Sjølv om Hovden i utgangspunktet er positiv til sentralisering av sjukehus, er han heilt klart av ei anna meining når det kjem til rehabiliteringssenter.

– Her er det pasientane som vert skadelidande, og det kjem til å ta mykje lenger tid å få bebuarane ut att i arbeid. Nettopp det er også ein kostnad arbeidsgruppa ikkje må gløyme. Mork-senteret har såpass gode kvalitetar at ein må ivareta det, avsluttar han.