Torsdag sette formannskapet i Ørsta ein førebels sluttstrek på saka om Røed-huset i Kyrkjegata. Då vedtok formannskapet å løyse inn huset for om lag 1,5 millionar kroner.

I formannskapet var det stor semje om å få løyst inn Røed-huset og naboeigedommen. Likevel var det noko skepsis.

Prioritering

Wenche Volle (Frp) frykta at folk vil reagere på prioriteringa. - Når vi les i Møre-Nytt at sjukeheimskjøkken står i fare, og så brukar vi pengar på å kjøpe ei tomt i sentrum, då kan det verte reaksjonar, sa Wolle.

Einar Flø (V) var langt meir glad. - Dette er ei sak eg har kjempa for lenge, og dette vil føre til at arbeidet med Svendsengarden vert vitalisert, sa Flø.

Føremuner

Ordførar Gudny Fagerhoil meiner innløysinga av Røed-eigedommen gjev tre store føremuner. Det er at Svendsengarden får betre tilkomst, at Vikegata som gågata vil tene på at området ovanfor vert opna opp, og at kollektivtransporten får det enklare med ei ny busslomme for sørgåande trafikk.

- Eg er samd i ordføraren når det gjeld dei positive sidene ved denne saka. Det er også heilt klart at vi her gjer ei prioriteringt, og brukar pengar. Eg er overtydd om at dette er ei viktig sak for sentrumsutviklinga, sa påtroppande Høgre-ordførar Rune Hovde.

Lånemidlar

Saka vert løyst ved at kommunen nyttar ein million kroner i unytta lånemidlar frå 2009, og at det dessutan kjem eit trafikktryggingstilskot på 500.000 kroner frå vegvesenet.

I formannskapet var det litt undring over at det vart funne unytta lånemidlar frå 2009, og det vart nokre spørsmål kring dette.