Jørgen Amdam (Ap) vart torsdag ettermiddag valt til ny ordførar i Volda.

Det var med eit knappast mogleg fleirtal at Amdam fekk ta over ordførarklubba etter Arild Iversen (Krf).

14 stemte for Jørgen Amdam, 13 stemte blankt. Der var ingen motkandidatar til Amdam.

LES OGSÅ: NO er Stein Aam ordførar

LES OGSÅ: DESSE VART VALDE I VOLDA

Odd A. Folkestad (Frp) gratulerte den nyvalde ordføraren.

- Så er det slik at det vi ikkje synest har vore så godt etter dette valet, er at vi ikkje har følgt Volda-tradisjonane med at alle fekk kome til bordet og snakke med alle, sa han, og sikta til at Venstre og Miljøpartiet avstod frå å snakke med Krf og Frp etter valet, noko som kunne ha sikra dei fleirtalet og framhald for ordførar Arild Iversen.

I staden er det dei grøn-raude, Venstre, SV, MGD, SP og Ap som sit med fleirtalet.

Odd A. Folkestad meiner at misnøyen med dette kom fram i ordførarvalet, der nesten halvparten stemte blankt.

- Det er ein protest meir mot prosedyren, enn mot mannen, forsikra Folkestad overfor Amdam.

Han lova at dei ikkje vil vere typiske opposisjonspolitikarar, men syte for gode diskusjonar og godt samarbeid for å få Volda-samfunnet framover.

Fride Schjølberg Sortehaug vart valt til varaordførar med 17 stemmer, mot 10 blanke.