ylkesmannen varslar motsegn mot to søknader om løyve til å byggje småkraftverk i Volda.

Etter fylkesmannen sine vurderingar tilfredsstiller søknadene for Dravlaus (Dravlaus Kraft SUS), Vassbakke (Vassbakke Kraft SUS) og Osdalen (Tussa Energi AS) kravet til kunnskapsgrunnlaget i naturmangfaldlova. For dei fire prosjekta i Høydalen (Storelva, Øggardselva, Feirdalselva og Osvatnet) meiner fylkesmannen at miljøvurderingane samla sett synest noko svake. Her er det Høydal Elektrisitetsverk AS som har sendt søknad.

Varslar motsegn

Fylkesmannen varslar motsegn i medhald av vassressurslova mot Storelva kraftverk på grunn av konflikt med anadrom laksefisk, og Øggardselva kraftverk på grunn av konflikt med anadrom laksefisk, landskapsverknader og inngrepsfrie naturområde. Dei meiner også at dette må sjåast i samanheng med den samla belastninga av inngrep i Høydalen.

Fylkesmannen rår også til at vidare behandling av Osdalselva kraftverk vert sett på vent til ein eventuell revisjon av dei eksisterande kraftanlegga er gjennomført.

Mange søknader

Samstundes med at Fylkesmannen har teke i mot sju søknader om løyve til kraftverk i Volda, har dei også teke i mot sju tilsvarande søknader frå Ørsta og seks frå Vanylven.

– Når mange søknader vert sende til høyring samstundes burde det vore stilt krav til ei vurdering av samla belastning på landskap og naturmangfald, meiner fylkesmannen.

Dei seier at dei gjerne ser på prosjektet samla, men at dei vil rå NVE om å ikkje sende ut fleire «pakkar» på ein gong. Fylkesmannen vil også ha sakene i ei tid på året då det er muleg å gjennomføre synfaring i dei enkelte vassdraga.

– Dersom alle småkraftplanane skal realiserast trengst det nettforsterkingar i regionalnettet. Kva konsekvensar dette vil ha, med til dømes nye kraftliner, er ikkje nærare omtalt, men må også vere med i NVE si vurdering av konsekvensane ved ny kraftutbygging i området.