– Dei sa ikkje opp avtalen før no, så dei har kontrakt eit år til, men etter det vert det økonomisk trongt for oss, seier leiar i foreininga Samhald, Liv-Randi Volle.
Vil kjempe for Samhald
Samhald er eit populært forsamlingshus for bygda. Huset vert leigd ut til ulike arrangement, og er også samlingsstad både til 17. mai og til jonsok.
– Vi taper mykje inntekter på at kommunen er ute av biletet. Det er desse pengane som har gjort at vi har greidd å halde oss i balanse. No må vi finne nye vegar og nye arrangement for å tene pengar, slik at vi ikkje mister huset vårt, seier Volle.
Ho er glad for at dei har fått eit ekstra år til å «omrømme» seg på.
– Vi har alt tenkt oss nokre tankar om kva vi må gjere, men vi vil halde eit bygdemøte før vi bestemmer noko. Det er viktig at alle får vere med. Vi er klare til å kjempe.