Om ein ser på førehandstipsa til avdeling 1 i sjette divisjon var det topp mot botn som møttest på kunstgrasbana på Høddvoll laurdag. Flø er tippa som botnlag av dei fleste, og mange reknar med at Sæbø skal vere eit av laga som kjempar om opprykk. Kampen opa svært godt for bortelaget, og Terje Haugen Øye sette ballen i mål før det var gått tre minutt etter pasning frå Tarald Harstad. Etter sju minutt måtte målvakta til Flø gje retur på eit skot frå Yngve Frøland, men broren Espen sørgde for 2–0 til Sæbø. Bortelaget hadde god kontroll i førsteomgang, og skapte fleire sjansar som kunne ha resultert i mål. Midtvegs i omgangen ordna Bjørnar Holen 3–0 leiinga, og ikkje lenge etterpå var same mann frampå igjen og sørgde for 4–0 leiing. Rett før pause skapte Flø sin første sjanse i kampen, og det resulterte også i mål. Dermed gjekk laga til pause med 4–1 til Sæbø.

5–1-siger

Til Ulsteinvik hadde Sæbø med seg ei stor tropp, og hadde sju innbytarar på benken. I andreomgangen gjorde laget fleire bytter, og rokerte om på laget. Begge lag skapte sjansar, men Sæbø var ikkje så gode som dei var i førsteomgang. Sigeren var aldri truga, og fem minutt før slutt sette Jakob Hauge Moe inn 5–1-målet.

– Stor breidde i stallen

Dermed fekk Sæbø ei god serieopning, og litt revansje for 3–3 mot Flø i siste serierunde i fjor.

– Etter kampen var vi einige om at dette var ein veldig god start på sesongen. Det var mykje positivt, og då spesielt i førsteomgang. Vi skapte mange sjansar som ikkje resulterte i mål, i tillegg til dei fire måla. Vi hadde mange gode angrep, både kontringar og etablerte angrep. I andreomgang gjer vi mykje bytter og sju mann kjem inn frå benken. Det er bra at vi klarer å halde kontrollen i kampen sjølv om vi gjer så mange bytter, og breidda i stallen er god og kan verte ein fordel for oss utover i sesongen, seier spelande trenar Yngve Frøland som har ansvaret saman med Terje Haugen Øye.

– Møter sterkare lag enn Flø

Sæbø ventar seg tøffare motstand enn Flø denne sesongen.

– Vi møtte eit rutinert lag med lite arbeidskapasitet. Eg reknar med at dei kjem til å vere blant dei nedste laga på tabellen, og vi kjem til å møte sterkare motstand. Vi er spente på Moltustranda/Gjerdsvika som ser bra ut, og Tjørvåg var gode i fjor, seier Frøland.

– Må dominere kampar når vi skal

Måndag er det klart for årets første heimekamp som Sæbø har eit lite håp om går på gras.

– Larsnes/Gursken 2 er motstandar, og det er vanskeleg å seie kva møter på førehand. Stiller dei med mange juniorar og eit par rutinerte spelarar så er dei sterke. Vi er ofte best i kampar der motstandarane dominerer, og utfordringa vår denne sesongen er å vere dominerande i kampar der vi skal vere det, seier Frøland.

I tillegg til Sæbø har Hareid 2 og Haddal spelt 2-2, og Tjørvåg slo Haddal 3–1 på heimebane.