Tiltalte forklarte i retten at han hadde vore på ein utestad i Volda natt til 18. mai i år, før han sette seg i bilen og køyrde rundt i Volda sentrum. Før han sette seg i bilen hadde mannen drukke sprit og øl. Analyseresultat av blodprøva viste promille på 1,11. Mannen var i 2011 også ilagt eit førelegg for promillekøyring, og erkjende seg skyldig etter tiltalen.

I dommen frå Søre Sunnmøre tingrett legg dei til grunn at mannen køyrde til saman rundt ein kilometer i Volda sentrum. Mannen vert dømd til fengsel i 21 dagar. I tillegg vert han ilagt ei bot på 45.000 kroner, subsidiært fengsel i 15 dagar. Mannen vert og fråteken retten til å føre førarkortpliktig motorvogn for alltid.