Tal bønder går ned i begge bygdene, og dermed medlemsgrunnlaget. Med felles ungdomsskule sidan syttitalet har det utvikla seg mykje samkvem og samarbeid mellom bøndene og bygdelaga Austefjord og Bjørke, utviklinga mot samanslåing vart dermed svært naturleg på trass av at laga høyrer til på kva si side av kommunegrensa.

Heidersmedlem

På dette siste årsmøtet for Austefjord Bondelag som eige lag, utnemnde årsmøtet Kåre Gjersdal som heidersmedlem. Den 86 år gamle bondelagsveteranen har vore medlem i laget sidan 1951, og vore leiar i alt 10 år gjennom to periodar. I desse åra har næringa endra seg til det nærast ugjenkjennelege. Opptrapping og optimisme på 1980-talet, to EF/EU-kampar, aksjonar og mykje aktivt studiearbeid var noko av det leiar Tore Våde trekte fram ved overrekkinga av diplom, blomar og eit dreia trefat til heidersmedlemen.

Vitjing av Fylkesbondelaget

Gunnhild Overvoll frå styret i Møre og Romsdal bondelag deltok i årsmøtet, og la i sitt innlegg vekt på strategi inn i nye tider med ny regjeringskonstellasjon. Overvoll rådde medlemene til å vere offensive i tida framover, byggje gode alliansar, framsnakke næringa, byggje organisasjonen og framfor alt ta vare på kvarandre i eit politisk tidsskifte som ein er redd kan få tøffe følgjer for mange.

Første styret for Austefjord og Bjørke Bondelag er: leiar Tore Våde, styremedlemer: Magnus Skjerdal, Ingunn Holsvik, Odd Inge Osdal og Kjetil Rørstad. Varamedlemer: Norunn Furnes, Halldis Langvatn, Hermod Håvik og Oddhild Saure.

Magnus Skjerdal er avtroppande leiar i Skjåstaddalen bondelag, og vert med i styret i det nye felles bondelaget. (Arkivfoto)