Faktisk er det eit show som byggjer på showet som fyrst vart sett opp i Las Vegas, og som har vunne fleire utmerkingar.

Showet er sett av meir enn 20 millionar menneske over hele verda.

– «Dancing Queen» er eit fargesprakande og flott show for alle som elskar musikk og dans, seier kulturhussjef Janne Grytten Skarstein.

– Her kan publikum vente seg eit internasjonalt show med song, dans og musikk på eit veldig høgt nivå. Dette vert to timar med stor underhaldning, seier Grytten Skarstein.

Las Vegas

«Dancing Queen» har vorte vist på scener rundt i hele verda sidan 1996, og har i tillegg gått fleire år i Las Vegas. Showet har også vunne ni Global Awards, mellom anna for «Best Choreography» og «Best International Production».

Med tidlause hits frå popfenomenet Abba og dansing til den suksessfulle Broadway-musikalen «Mamma Mia», er det duka for eit glitrande show for alle og ein kvar.

I showet er det songarar, dansarar, vakre kostyme og imponerande koreografi. I «Broadway-stil» vert det eit show inkludert Money Money Money, Fernando, Voulez Vous, Take a Chance og mange fleire.

Med i showet ber også ei samling av høgdepunkt frå den ikoniske filmen Saturday Night Fever.

– Det vert gøy å få ein så stor danseproduksjon i huset, og vi håper publikummet vårt synest det same, seier Janne M.G. Skarstein.