– Grunna manglande budsjettdekning er det full stans i normal drift, seier einingsleiar for kommunalteknikk, Ulf Kristian Rognstad.

Dette betyr at alle tiltak ut året skal vurderast nærare opp mot trafikktryggleik, type veg og andre forhold som m.a. krysningspunkt.

Håkonsgata

– Som døme vert Håkonsgata vurdert som ein viktig skuleveg og samleveg, og vert såleis utbetra omgåande trass manglande budsjett, fortel Rognstad.

Tussa melder at feilsøking og reparasjon i denne gata vil skje denne veka.

Enkeltpunkt som fell ut vil måtte vente til nytt budsjettår viss det ikkje ligg føre særskilde omsyn som tilseier umiddelbar reparasjon.

– Det er vanleg driftsrutine å samle opp feil i eit område. Grunna kostnader vert det ikkje sendt ut korgbil for eit punkt der køyrevegen er lang. Såleis har ikkje driftsstansen veldig stor konsekvens utover vanleg etablert driftspraksis, seier einingsleiar Ulf Kristian Rognstad.