I tysdagsavisa uttrykte Olav Harald Hovdenakk sterk misnøye, og hevda det var forhandla fram ein avtale utan at grunneigarane har vore med i prosessen – og at det er Statnett og kommunen som har site ved forhandlingsbordet. Saka gjeld grunnavståing i samband med bygging av nytt vegnett på Bondalseidet, frå riksveg 655 til Hovdenakken. Statnett byggjer og betalar utbygginga som vert gjort etter ein kommuneplan som vart vedteken i 2002. No står arbeidet i stampe fordi to grunneigarar er usamde med Statnett om grunnprisen.

Tilbakeviser

Seksjonsleiar Svein Silseth tilbakeviser at kommunen har forhandla pris for grunnen.

– Kommunen har på ingen måte vore med på grunnforhandlingane. Vi har hatt møte med Statnett om andre ting enn grunnforhandlingar, mellom anna avbøtande tiltak. Men Statnett har åleine forhandla med grunneigarane. Kommunen har vore pådrivar for å leggje forholda til rette for grunneigarane, og vi har støtta dei heile tida, seier Silseth.