Arbeidet med transformatorstasjonen i Hovdenakken er i full sving. Tysdag kom reaktoren til anlegget via sjøvegen til Sæbø, og transporten på totalt 302 tonn vart frakta gjennom Bondalen og opp til Hovdenakken.

– Reaktoren er komen på plass. Vi har ikkje kome i gang med installasjonsarbeidet, men det kjem snart i gang. No er her mannskap frå fabrikken som gjer justeringar på reaktoren, seier byggjeleiar for grunn og betong Ole Johan Erstad.

Den største transporten til anlegget i Hovdenakken vil skje når trafoen skal fraktast same veg som reaktoren.

– Fabrikken køyrer testar på trafoane før dei sender dei over. Trafoen som skulle til Ørskog feila i testinga, og difor vil truleg den trafoen som skulle hit sendast til Ørskog. Difor veit vi ikkje heilt eksakt tidspunkt for når trafoen kjem til Hovdenakken.

Litt forseinka

Arbeidet med transformatorstasjonen har kome eit godt stykke på veg. Kontrollhus er kome på plass, og kabelarbeid var i gang då Møre-Nytt vitja anleggsområdet.

– Arbeidet har gått stort sett etter planen. Vi er litt forseinka etter den opphavlege planen, men vi held godt tempo i arbeidet no. No held vi på med sluttarbeidet på grunn og betong, og vi har også starta med asfaltering på området. Det er også starta opp arbeid med montasje av apparatanlegga, i tillegg til stålmontasje med mastrene som vert bygd mot Sykkylven, seier Erstad.

– Ferdig på vårparten i 2014

Parallelt med arbeidet i Hovdenakken, vert det arbeidd i stort sett alle 15 kommunar som linjetraseen går gjennom. Opphavleg skulle kraftlinja stå ferdig i 2015, men er utsett til 2016. Arbeidet i Hovdenakken skal vere ferdig i 2014. Den nye 420 kV-linja vert hovudpulsåra i straumnettet på Vestlandet. Ho vil mellom anna gi ein tryggare straumleveranse for vestlendingane enn i dag.

– I dag er det rundt femten mann i sving på anleggsområdet, og vi reknar med å vere ferdig med arbeidet ut på vårparten i 2014. Det er eit omfattande og utfordrande arbeid vi held på med, men det har gått bra så langt. Det har også vore veldig greie forhold med grunneigarane, seier Erstad.

Reaktoren som vart frakta frå Sæbø og til Hovdenakken tysdag er på plass, og snart startar installasjonsarbeidet. Foto: Joachim Kroken Åsebø
Betongområdet i bakgrunnen skal huse trafoen og reaktoren, medan straumen frå 420 kV-lina vil kome inn i området framfor. Foto: Joachim Kroken Åsebø