Tre personar på hyttetur drog festen vel langt natt til måndag. Fleire naboar til hytta i Åmdalen kunne fortelje om høg musikk og mykje bråk frå staden, heilt frå personane kom til hytta i 02-tida om natta. I 05.30-tida toppa det seg med høge smell som kunne minne om geværskot.

– Det var lys i mørkret som kunne minne om sporlys, seier ein av naboane. Også bebuarar på andre sida av dalen såg og høyrde skota.

Skota var fyrverkeri

Politiet fekk etter kvart melding om kva som skjedde på hytta, og reiste til staden for å sjekke situasjonen.

Då Møre-Nytt var på staden  i 12-tida måndag, var det heilt roleg i området. Politiet snakka med naboane til hytta, og utførte ein aksjon utan dramatikk.

– Det var mistanke om at det hadde vore brukt rusmiddel. I og med at det også var mistanke om skytevåpen, og ein ikkje visste kven som var inne i hytta, væpna patruljen seg og tok seg inn, seier lensmann Guttorm Hagen om aksjonen.

Han legg til at det heile gjekk føre seg i rolege former, og at patruljen handterte situasjonen godt.

– Vi fekk klarlagt at det ikkje var snakk om skytevåpen. Det var brukt fyrverkeri eller knallskot. Det viktigaste for oss var å få sjekke at dei hadde våpen, og eventuell ta frå dei det. Men det hadde dei altså ikkje, seier han.

Vert oppretta sak

Sidan det var snakk om mykje bråk og skremande framferd, vil det verte oppretta sak på forholdet.

Dei involverte i saka var to menn og ei kvinne frå ein annan plass på Sunnmøre.

– Vi veit no kven dei er, og vil klargjere alt dei har hatt føre seg, seier Hagen.

Hytta på biletet er nabohytta til den aktuelle hytta.