Devold er administrerande direktør i 62°Nord som igjen er eigar av Hotel Union Øye. Helgåa er godt synleg frå hotellet, og eit blikkfang for turistane.

– Eg har sjølv sete og sett på fossen frå Øye. For vår del vil det vere veldig negativt om fossen vert nytta til å produsere kraft. Vi håper veldig klart at søknaden ikkje vert godkjent, seier han.

Må finne balansen

Devold peikar på at det noko av det viktigaste dei sel til turistane er urørt natur. At det er små og levande bygder fascinerer også turistane.

– Dei likar å sjå at naturen er i bruk, men det handlar meir om landbruk enn om kraftutbygging.

Han forstår at for at det skal vere liv i bygdene, så må innbyggjarane tene pengar, men ikkje for ein kvar pris.

– Der må vere ein balansegang. Dei områda med størst potensial for reiseliv må verte bevart.

Devold peikar på at det er 19 søknader om småkraftverk inne til høyring frå kommunane Ørsta, Volda og#<\p>Vanylven.

– Det er heilt sikkert nokre av dei som kan verte bygde ut med lønsemd for eigar og storsamfunn, som i liten grad berører naturopplevingane. Men nokre må vi også ta vare på.

Devold fortel at dei vil gå nærare inn på saksdokumenta for å gjere seg betre kjend med konsekvensane av ei eventuell utbygging.

– Vi vil heilt klart delta i høyringsrunden. Vatn som rasar nedover ei stupbratt fjellside er utruleg viktig. Foss og Noreg er synonymt, seier Devold.