– Det er mange av styremedlemmene som har teoretisk og praktisk økonomisk kompetanse. For styring av selskapet ville det vere ein føremon om den sterke økonomiske kompetansen vart supplert med anna kom-

petanse, som til dømes ingeniørfagleg eller marknadsfagleg kompetanse frå liknande bransjar som Tussa opererer i, seier adm.dir. Elling Dybdal i eit skriv som går ut til aksjonærane.

Han poengterer at denne vridinga av kompetanse kan takast over tid.

I noverande Tussa-styre er det tre medlemmer som står på val. Det er Petter Bjørdal (Ørsta), Lars Erling Bjåstad Hovlid (Hareid og Ulstein) og Lena Nordal Vedeld (Vanylven og Sande).