– Eg meiner at det ikkje er nødvendig no. Vi har det i bilane, og det er nok, seier han.

Den nye regjeringa med Erna Solberg (H) og Siv Jensen (Frp) i spissen har sagt at dei ønskjer å opne for at ein generelt kan bere våpen i dei politidistrikt der politiet sjølve meiner at det er den beste løysinga.

– Det er meir situasjonsavhengig når vi skal bere våpen synleg. Det er mitt syn. Heldigvis er det ein god debatt om dette i politiet. Vi skal ikkje overdramatisere trugselbiletet i Noreg heller, seier Hagen.