– Det er god trim, det er sosialt, og det er rett og slett kjekt, seier ein lett andpusten Leif Kåre Kvien.

Det er dansepartnar Turi-Janne Lødøen som er initiativtakar til swingkurset etter å ha vore deltakar på eit kurs i regi av Gunnar-Jan D. Bugge i Loen tidlegare. Denne helga tok han turen til Vartdal for å instruere dei 13 para.

– Det glir seg til. Eg ser stor forskjell frå i går til i dag, rosar han.

Dans og hestesko

Sjølv er han forsiktig med å ta på seg danseskoa grunna helseplager, men å instruere gjer han med glede.

– Eg starta for meg sjølv på guterommet då eg var 17 år, og sidan har det gått slag i slag. Eg var alltid den første på dansegolvet på utestadene, og den siste som køyrde heim.

No er han utdanna instruktør, og instruerer i dans på vinteren og våren.

– Men om somrane har eg ikkje tid. Då kastar eg hestesko, ler han.

Inndansa

På dansegolvet på Soltjeld forsamlingshus er det konsentrert teljing for å få med seg alle dansestega. Det går lettare for kvar gong. Leif Kåre Kvien trur han veit kvifor.

– Soltjeld er inndansa frå før. Det ligg i veggene her, flirer han.

Deltakarane på kurset er nøgde, og kvifor akkurat swing engasjerer har Bernt-Rune Vatne svaret på.

– Vi er for unge for gammaldans.

Dansepartnar Mone Løvøy fortel at dei har teke turen frå Hjartåbygda for å vere med. Snart skal ho feire dag, og då ønskjer ho å ha dreisen på dansestega.

– Eg er van med å danse «gut» frå før, så det er på tide at eg lærer meg dansestega for damene også.

– Swing ligg under huda på dei fleste, og det er noko alle kan lære seg. Det einaste vi manglar no er ein stad der vi kan gå ut for å danse. Då hadde det i alle fall dukka opp minst 13 par, lovar Kvien og Lødøen.