Landbruksnemnda fekk saka på bordet i samband med at Statens vegvesen i samarbeid med kommunen har laga framlegg til detaljreguleringsplan for strekninga Osborg-Ose på E39. Planen ligg no ute til høyring.

Målsetjinga med planen er heimel for å byggje om krysset mellom E39 og Industrivegen, og krysset mellom E39 og Osborgvegen. Det er foreslått å flytte krysset mellom E39 og Industrivegen 40 meter mot sentrum.

Gangveg

Det er også eit ønske om seinare å kunne etablere ein gang- og sykkelveg på nordsida av E39, langs Industrivegen. Vidare ønskjer ein heimel for å oppgradere kryss og busslommer ved Ose camping, og å sikre trygg vegkryssing for mjuke trafikantar.

Seksjonsleiar Liv Bente Viddal, som har utarbeidd saka, skriv at ho har forståing for at ein må gjere ein del tiltak for ein betre og tryggare veg.

– Når ein har dyrka jord på alle sider av vegen er det vanskeleg å unngå tap. Men ein må ta vare på den gode matjorda frå området, oppmodar Viddal. Landbruksnemnda sluttar seg til dette.