– Vi har fått produsert mykje snø, og nok til at vi kan opne i alle fall barneskitrekket. Vi ynskjer å produsere endå meir snø for å vere på den sikre sida, og difor vert ikkje hovudtraseen opna før til veka med kveldskøyring, seier Frank Velle hos Ørsta skisenter AS.

Snøproduksjonen har gått etter planen, sjølv om det tysdag og onsdag var heilt i grenseland.

– Då sleit vi på dagtid med temperaturar oppe i ei minusgrad. Det som berga oss var låg luftfukt, for eigentleg skal det vere fleire minusgrader for at snøproduksjonen kan fungere, fortel Welle.

Kor mykje av skisenteret som kan opnast, er ei vurderingssak.

– Vi har til no produsert nok snø til at vi kan opne store delar av anlegget. Når vi likevel har bestemt oss for å opne berre barneskitrekket i fyrste omgang, er det fordi vêrutsiktene seier at vi kan få produsert endå meir snø. Det vil gje ein tjukkare sole, og eit mykje meir slitesterkt underlag i hovudtraseen, fortel Velle.

Langtidsvarselet seier at det framleis skal vere kaldt, og mest heilt nedbørsfritt. Det gjer utsiktene for snøproduksjon gode, men mindre lystelege for å få natursnø.

– Vi vil etter kvart få produsert nok snø til å dekkje store delar av hovudtraseen, treningstraseen og parken. Det er også truleg at vi får flytta kanonane opp i øvste delen av anlegget, slik at vi får lagt snø i Knuteløypa, fortel Welle.

Det vil seie at det meste av alpinanlegget vert laga til med kunstsnø. For turfolket er det verre.

– Vi har tidlegare ikkje produsert snø for langrenns- og turløypene, og der er det nok slik at vi må vente på naturleg snøfall. Vi skal likevel ta ei vurdering om det kan leggjast kunstsnø i ein kort trase om vêret held seg slik det er meldt, seier Velle.

Fnugg

Han minner om aksjonen «Fnugg» som fleire av landet sine alpinsenter står bak. Der er 17. januar sett av til ein gratis dag i bakken, og folk kan melde seg på å gå inn på Fnugg sine heimesider eller via Ørsta skisenter sin e heimesider. Der vil også heile tida vere oppdatert informasjon om snøforholda på Bondalseidet.

<strong>Snøkanon:</strong> Anlegget for snøproduksjon har vorte viktig for Ørsta skisenter.